– Lysta til å skrive driv meg framover

For forfattar Maja Lunde (47) er skrivinga ei jakt på håp.

  • Tekst Silje Pileberg
  • Foto Einar Aslaksen

Kven
Forfattar Maja Lunde

Kva
Har skrive manus til teaterstykket «Snøsøstera»

Kvar
Det Norske Teatret

Medlemsfordel
OBOS-medlemmar får alltid 20 prosent rabatt på ordinære førestillingar

Se fordelen og bli OBOS-medlem

Maja Lunde hadde lenge hatt lyst til å skrive den boka som ho sjølv ville ønska seg som tiåring. Det skulle vere ei julekalenderbok med eitt kapittel kvar dag, eit mystisk og fantastisk hus i sentrum og ein karakter som var ei blanding av Anne frå Bjørkely og Pippi Langstrømpe.

Boka «Snøsøsteren», som kom i 2018, er i dag omsett til 31 språk. Ho handlar om tiåringen Julian som går jula i møte etter å ha mista søstera si. Så blir han kjent med juleelskaren Hedvig. Kvar desember får Lunde hundrevis av meldingar frå lesarar; fleire les boka kvart år.

– For meg, som er ein skikkeleg juleelskar sjølv, er det utruleg fint å ha blitt ein del av nokon sin juletradisjon, seier ho.

Ein del skriv at kalenderboka har opna for å kommunisere med barna om folk dei har mista.

– Det har vore veldig sterkt.

Dra på Det Norske Teatret med OBOS-rabatt

Maja Lunde har skrive manuset til teaterstykket «Snøsøstera», som ifølgje NRK kan bli ein ny juleklassikar.

Det verkelege livet

Maja Lunde er ein av Noregs største internasjonale forfattarar. Det store gjennombrotet kom med romanen «Bienes historie» i 2015, som er selt i over fire millionar eksemplar. Ho kallar alt oppstyret «eit sirkus».

– Eg trur det er lett å bli litt avhengig av all rosen og merksemda. Men for meg er det ei boble. Det verkelege livet er heimelivet, seier Lunde, som bur på Godlia i Oslo saman med mann og tre born.

Ho er glad for at ho var 40 år då «Bienes historie» kom ut.

Ho hadde rukke å bli eit heilt menneske. Endringa ho gjorde, var å flytte 700 meter til eit hus der ho kunne få eit eige kontor, ler ho. Både «Snøsøsteren» og «Bienes historie» skulle bli dei første bøkene i kvartettar: den første i Årstidskvartetten, som framleis er under arbeid, den andre i Klimakvartetten, der fjerde og aktuelle bok – «Drømmen om et tre» – kom i haust.

Les også: – Jeg har alltid hatt troen på at jeg har kunsten

Takksam og heldig

Etter å ha gitt ut 15 bøker og skrive fleire TV-manus, har Lunde erfart at ikkje alt ho gjer, er like synleg. Det hender også at det ho skriv ikkje fell i smak. Nokon har til dømes kalla bøker i Klimakvartetten insisterande og utmattande.

– Går det inn på deg viss du får ei dårleg bokmelding?

– Eg prøver å ikkje lese alt som kjem; eg har heller ein dialog med forlaget om kva eg kan lære, seier Lunde.

Samstundes veit ho at tilbakemeldingane på éi og same bok kan variere mykje.

– Nokon elskar det andre misliker. Eg har lært at eg berre må halde fram med å skrive dei bøkene eg treng å skrive. Eg er så heldig at veldig mange vil lese dei.

Dessutan: Når éi bok er ute, er ho allereie godt i gang med neste.

– Lysta til å skrive driv meg framover. Eg kjenner meg utruleg takksam og heldig som får lov til å leve av å skrive.

Maja Lunde

Fuglen på fuglebrettet

Lunde har alltid hatt eit sterkt engasjement for natur og miljø, og arbeidet med Klimakvartetten har kravd at ho måtte halde seg oppdatert på klima- og naturkrisa.

– Dess meir ein les, dess reddare blir ein. Men for meg har skrivinga vore ei slags jakt på håp. Det har eg ikkje klart å sjå heilt klart før no når eg er ferdig, seier ho.

To spørsmål ho har stilt seg er kvifor har vi menneske blitt ein art som har endra verda? Og har vi dei eigenskapane som krevjast for å gjere opp for våre feil?

– Eg har ikkje svar, men det å leite etter desse eigenskapane, er for meg ei håpshandling.

Ho trur at éin av eigenskapane er menneske sin kjærleik til naturen – ein tematikk som går att i fleire av bøkene hennar.

– Det er lett å gløyme at klima- og naturkrisa handlar om alt det vesle: ekornet, fuglen på fuglebrettet, dei ulike markblomstane … Om alt det som gjer jorda så fin, og som vi er glade i. Snakkar vi meir det vesle, kan det gje håp, det òg.

Når førestillinga «Snøsøstera» no visast på Det Norske Teatret, er det Lunde sjølv som har skrive manus. Denne forteljinga handlar først og fremst om sorg – og om jul – men ho er også ein hyllest til snø, ifølgje Lunde.

Dessutan er håpet også sentralt her. Gjennom venskapen med Hedvig klarer Julian å reparere forholdet til ein ven han hadde mista. Han klarer også å gje familien sin livsmotet attende.

– Utan håp trur eg ikkje at vi har grunnlag for handling. Mistar vi håpet, kjem avmakta veldig fort. Vi må tru at det vi gjer, kan endre noko, seier Maja Lunde.

Sjekk OBOS-fordelen på Det Norske Teatret