Nye tonar

Etter at artisten Eva Weel Skram (37) fortalde offentleg om erfaringane med mobbing og bulimi, endra ho seg.

  • Tekst Silje Pileberg
  • Foto Einar Aslaksen

Då Eva Weel Skram var med i NRK-programmet «Hver gang vi møtes» i 2016, vart mange rørte over det ho fortalde: om mobbinga som hadde vart ved gjennom heile barne- og ungdomsskulen heime i Sogndal.

– Eg hadde sagt lite om det offentleg fram til då, og det var vanskeleg. Men eg fekk så mange fine tilbakemeldingar!

Unge frå heile landet tok kontakt. Mange kjende seg att. Og då ho var på pub i Sogndal nokre månader etter, møtte ho ein gamal klassekamerat. «Vi var så stygge mot deg, Eva,» sa han og gret. «Men du skal jo ikkje beklage, du gjorde jo aldri noko,» svarte ho. «Nei, det er nettopp det. Eg gjorde ingenting».

– Det å høyre nokon som hadde vore der og sett det, var så fint.

Søkte tilflukt i musikken

Tilbakemeldingane gjorde at ho forstod at ho ikkje var åleine. No våga ho å fortelje meir. I 2017 sat ho på TV-showet Lindmo og skalv; for første gong fortalde ho Noreg om eteforstyrringane ho hadde hatt i åra etter mobbinga.

– I dag kan eg snakke om det med den største lettheit.

I retrospekt ser Weel Skram kor definerande erfaringane frå barndommen kan ha vore. I barne- og ungdomsåra vart musikken ein tilfluktsstad. Ho sat heime og høyrde på musikk, spelte piano. Vart med i eit band. Flytta frå heimstaden for å gå musikklinje på vidaregåande.

– Hadde eg ikkje vore utanfor, er det ikkje sikkert at eg ville søkt tilflukt i musikken.

OBOS-medlem? Få rabatt på inngangsbilletten på Norsk Folkemuseum

Ein ny start

Det var i «Idol» at Eva Weel Skram opptredde nasjonalt for første gong. Her kom ho på sjette plass, akkurat godt nok til å få bli med på turné etterpå. På turneen vart ho kjend med Thomas Stenersen, som var i bandet. Dei vart raskt eit par og gifta seg tre år seinare.

I fleire år var dei kjende som popduoen «Eva & the Heartmaker». Men då Weel Skram begynte å synge på norsk – etter erfaringane med «Hver gang vi møtes» – gjekk dei over til å bruke hennar namn.

– Før var eg flau over dialekta mi, og med engelske tekstar kunne eg gøyme meg litt. Men å synge på norsk ga meg ei heilt anna kontakt med publikum. Det kjendest som å begynne litt på nytt.

Syng om foreldra

I dag bur ho på Grefsen i Oslo med ektemannen og sonen William på 7 år. Ho og mannen jobbar heimanfrå – og saman, som alltid.

– Eg bruker å seie at eg ikkje veit om noko anna. Vi kranglar jo, men vi har ei felles drivkraft i musikken, og det trur eg er bra. Vi tenker nokså likt. Nokon dagar er vi heilt einige om å legge oss i sofaen og sjå på ein serie.

No jobbar dei med eit nytt album. Ein av låtane, «Club 7», handlar om Weel Skram sine foreldre, som møttest i det som var ein kulturell klubb i Oslo for nokre tiår sidan. «Kva ville dei vore utan Club 7 ein sein kveld i januar,» er opningslinja.

– Nokon gonger kjem teksten med det same. Andre gonger, som med Club 7, blir det som eit kryssord. Det kan ta det lang tid før siste strofa fell på plass.

Eg synest at alle skal med, for eg har kjent på korleis det er å stå utanfor.

Eva Weel Skram

Sonen på scena

Medan duoen vanlegvis har rundt tjue konsertar om sommaren, har dei i år berre seks, for å få tid til å jobbe kreativt. Som vanleg legg dei inn tid på reisene til å gjere andre ting enn å opptre. I sommar blir for eksempel ein Sandefjord-konsert kombinert med besøk hos Kaptein Sabeltann.

– Det så utruleg mange fine stader i Noreg, som eg håper fleire har lyst til å oppleve. Som Stadt, eller Ålesund. Sjølve reiser vi sjeldan utanlands om sommaren.

Når foreldra opptrer, blir sonen passa på av staben rundt. Men i ein periode var han forundra over at han ikkje kunne sitje på sida av scena med nettbrettet sitt. «Vil de ikkje at folk skal sjå meg,» spurte han. Då fekk konsertane ein ny vri: Like før duoen går inn, spring William to gonger over scena.

Tankane etterpå

Weel Skram er tryggare på seg sjølv enn ho var som ung. Men ho kan framleis kjenne seg usikker, for eksempel viss ho begynner å tenke på at andre skal vurdere henne.

– På scena snakkar eg ein del mellom låtane, og eg tenker meg ikkje alltid så nøye om. Etterpå kan eg tenke: «Delte eg for mykje no?»

Men dei siste åra har ho prøvd å minne seg sjølv på at publikum faktisk har valt å kome og høyre på henne.

– Og responsen har alltid vore at dei heller vil at eg skal dele for mykje enn for lite.

Eva Weel Skram er glad i å invitere folk heim og å gå ut med venner.

– Eg inviterer alltid mange. Eg synest at alle skal med, for eg har kjent på korleis det er å stå utanfor, seier ho.

Les meir om medlemsfordelane på Norsk Folkemuseum