– For å lage god kunst, må flest mogleg perspektiv bli høyrde

Regissør Kjersti Horn (46) veit aldri kva ho ønskjer å seie med eit teaterstykke. For henne er det noko anna som er viktigare.

  • Tekst Silje Pileberg
  • Foto Lars Petter Pettersen

Den gongen Kjersti Horn forstod at ho ville lage teater, var ho midt i ein av dei store nedturane i livet. Ho var 19 år og hadde avbrote eit år på folkehøgskule fordi ho ikkje lenger klarte å gå: Begge hoftene måtte bytast ut, noko som betydde fleire månader på sjukehus.

Mor hennar, skodespelar Ellen Horn, hadde gitt henne ein bunke manus å lese på. Eitt av dei var «Shopping and fucking», eit teaterstykke frå 1990-talet om unge menneske som desperat prøver å knyte band til samfunnet, utan å få det til.

Kjersti Horn las. Kjende att kjensla av utanforskap. Og enda vondare: tanken om å vere verdt mindre enn andre. Så kjende ho ei slags brennande kraft.

Halvanna år seinare hadde ho sett opp sitt første teaterstykke på kaféscena på Centralteatret. «Shopping and fucking» vart ein suksess.

– Det var ei openberring: Det eg ikkje klarte å finne språk for i mitt eige liv, kunne eg snakke med andre om via teateret, seier ho.

OBOS-medlem? Få rabatt på flere kultur- og teateropplevelser

I samfunnet gjer vi mykje for å gøyme og overvinne fysiske funksjonshemmingar, lite for å inkludere dei, meiner Kjersti Horn.
– Eg prøver å tråkke den stien litt opp, sjølv om også eg kan kjenne meg sårbar, seier ho.
Horn er opptatt av å sjå andre menneske: – Korleis snakkar vi saman? Korleis gjev vi kvarandre rom, slik at folk kan vere fri til å kjenne verdi i det dei er?

Ein arena for å vere sårbar

Tjuefem år seinare søkjer Horn framleis dei kollektive samtalane. Ho har over 50 produksjonar bak seg men veit sjeldan kva ho vil formidle.

I staden tenkjer ho på teateret som ein pågåande samtale.

– I starten vel du ut ein tekst. Så inviterer du folk inn. Så eltar du teksten, saman med ulike kunstnarar. Klarer du å bevare denne samtalen heilt til siste slutt, blir teateret eit demokratisk verktøy; ein arena for å vere sårbare saman.

Du kan ikkje berre klikke deg vidare, poengterer ho. Du må vere i det, anten det gjeld vald i nære relasjonar, justismord eller rasisme – alle tema som Horn har vore innom i sine stykke.

– Vi treng ikkje finne noko svar. Vi må berre ha ein vilje og ei tru på at vi kan kome nærare noko som gjer at vi kan leve saman på ein betre måte.

Les også: Mimmi Tamba spiller Elsa i «Frost» på Det Norske Teatret

Litt betre enn normalen

Med ein far som var scenograf og ei mor som var skodespelar, var teateret aldri langt unna.

Alt som treåring sat ho i salen og såg på førestillingar. Seinare gjorde ho leksene sine i kantina på Oslo Nye Teater, medan ho venta på faren.

– Men eg skulle eigentleg ikkje jobbe med teater.

Kjersti Horn er fødd med en sjelden skjelettsykdom. Derfor tenkte ho lenge at ho ikkje kunne jobbe med teater.

Som lita tenkte ho at omtrent alle på eit teater er skodespelarar, og der fanst det ikkje rom for kroppar som avveik frå normalen.

– Ser du på skodespelarar, vil du nok sjå at dei er litt avvikande likevel: at dei er bitelitt betre enn normalen. Dei er veldig eksponerte, og presset er stort. Dessverre, seier Horn.

Sjølv er ho fødd med ein sjeldan skjelettsjukdom. Foreldra såg det med det same ho kom ut av magen, at kroppen hadde vakse meir enn skjelettet. Ho var mindre og tjukkare enn andre babyar.

Sjukdomen skulle føre til fleire store operasjonar, lange periodar med skuleundervising i sjukesenga og ei vedvarande kjensle av at ho var mindre verdt enn andre.

Feiring og fest

Men mykje var moro, òg, som heime hos pappa Per Kristian Horn. Der var det katt, hund, fiskar og fuglebur i garasjen. Veslesøstera Emilie Christensen hadde ikkje same far men var ofte på besøk. Det var gøy å få vere saman med Kjersti og vennene, om dei laga film eller stod på badet og song med tannkostane sine.

Nokre gonger når dei var ute fekk Christensen høyre at ho var flink som tok med veslebroren sin på tur. Då lo ho berre. Ho var stolt av søstera si.

– Eg var privilegert som vaks opp i ein familie det fanst ein plass til meg.

– Gjennom åra har eg blitt langt mindre redd som regissør. Eg føler meg trygg på at vi kjem i hamn. Men no vart eg litt redd igjen, når eg skal bli teatersjef,

Kjersti Horn

Eit meir inkluderande teater

Ved å få born, vart Horn del av eit foreldrefellesskap. Samtidig kallar ho seg eit støymoment: Ho var jo ei mor som ikkje nådde opp til barnehageporten, som framleis gruer seg til foreldremøte og som kan ta med sonen sin til legen og få spørsmålet: «Og du, kven er du?»

Det var utanforskapet som ga henne eit puff den gongen i sjukesenga. Seinare har det vore eit gjennomgangstema i arbeidet hennar. Men slik er det ikkje for alle. Dei erfaringane fysiske hindringar gjev, blir ikkje tekne vare på i samfunnet, meiner ho.

– Frå du er liten lærer du å gjere så lite trøbbel av det som mogleg. Det fører til at vi manglar eit språk for det. Mi eiga gruppe er nesten heilt ekskludert frå scenekunstfeltet og også frå samfunnet elles.

Utanforskap har vore et gjennomgangstema i arbeidet til Kjersti Horn. – Mi eiga gruppe er nesten heilt ekskludert frå scenekunstfeltet og også frå samfunnet elles.

Som påtroppande teatersjef ved Det Norske Teatret, prøver Horn å finne ut korleis teatera kan bli meir inkluderande. Ein del er blitt gjort, men meir kan gjerast, og det handlar både om billettprisar og rekruttering, ifølgje Horn.

– Kven jobbar i snekkar-avdelinga? Kven jobbar i marknadsavdelinga? Kven legg premissane? For å lage god kunst, må flest mogleg perspektiv bli høyrde. Men då må ein kjenne at ein høyrer til.

Ho meiner at det er vanskeleg å kome innanfor.

– Men historisk har teateret vore ein heim for mange som har følt at dei ikkje har høyrt til nokon annan stad. Skeive, for eksempel. Det er ein stolt arv.

Samtalen skal halde fram

Kjersti Horn er djupt interessert i korleis teateret kan organiserast betre for å leggje til rette for gode kunstnariske prosessar. Blant regissørar meiner ho å sjå eit generasjonsskifte, frå ein hierarkisk til ein meir kollektiv leiarstil.

– Men det finst framleis ein lengsel etter eit mannleg geni som skal kome og refse over alle og seie korleis ting skal vere. Sjølv trur eg ikkje på det. Det såkalla geniet er ein folk er redd for, slik at dei gjer eksakt det han seier.

Horn ønskjer heller å kome tett på dei ho jobbar med – forstå kven dei er, kva dei føler. Ha dei med i prosessen, eit ord ho set høgt.

Få rabatt på forestillinger ved Det Norske Teatret

– Dei siste tiåra har ein tenkt at teateret er eit produkt, ei vare som skal seljast. Men teateret er noko anna! Målet er jo at samtalen skal halde fram også etter at førestillinga er over.

Regissøren veit at ho som teatersjef vil få ord som budsjett, pengar og rammer tettare på.

– Dei siste tiåra har ein tenkt at teateret er eit produkt, ei vare som skal seljast. Men teateret er noko anna! Målet er jo at samtalen skal halde fram også etter at førestillinga er over.

Ho opplever at jobben ber med seg eit enormt ansvar.

– Korleis skal eg klare å unngå å bli fanga av det andre, som også følgjer med det ansvaret? Det står att å sjå.

Se teater med rabatt