Hopp til innhold

– Eg synest det er litt skummelt

I rolla som Rødhette på Det Norske Teatret har skodespelar Ina Svenningdal (25) fått ei ny utfordring.

Ina Svenningdal lenar seg mot ein vegg i Into the woods-kulissane.

I NRK-serien Skam spelte ho den avslappa og artige Chris. I barne-tv-seriane Linus i svingen og Jul i Svingen hadde ho rolla som Åsa, den tøffe dottera til bygdas bilmekanikar.

No står Ina Svenningdal på scena som Rødhette i ein musikal som syr saman fleire kjende eventyr til ei heilt eiga forteljing. I Into the Woods er Rødhette både forteljar, hovudperson og songar.

– Det blir litt mykje, ler ho.

– Men eg tenkjer at det er ei fin og krevjande oppgåve. Samtidig står eg der på ingen måte åleine.

Ein barndomsdraum

Det å skulle snakke direkte til publikum som forteljar, blir nytt for henne, og eit spesielt ansvar for å trekkje publikum inn i forteljinga.

– Eg synest det er litt skummelt. Ofte har ein denne fjerde veggen, der ein innbiller seg at publikum ikkje finst. No må eg sjå publikum i augo og fortelje dei kva som skal skje.

Når familie, venner og sambuar kjem for å sjå førestillinga, sit dei ikkje nærare enn tiande rad, forklarer ho.

– Det kan kjennast trygt å ha dei der, men dei kjenner meg såpass godt at dei veit eg kan bli litt stressa og ukonsentrert viss eg ser dei godt i salen.

Svenningdal opplever rett som det er at folk ho ikkje kjenner, kjenner henne. I jula er det gjerne dei minste som seier «Åh, det er Åsa!». Så kjem sommaren, og då er det tjueåringane som kjenner ho att frå Skam.

– Eg har nok ikkje fått det største trykket. Folk kjem bort og pratar eller vil ta eit bilete, så seier dei takk og spring unna. Det er berre veldig hyggeleg, seier ho.

Ho trur ikkje at ho er i stand til å tenkje så mykje på sin eigen kjendisstatus.

Eg har berre lyst til å drive med det eg liker. Eg er ikkje på veg opp nokon stad; eg held meg godt på jorda.
Ina Svenningdal lenar seg mot ein vegg i Into the woods-kulissane.

Å snakke nynorsk på teaterscena er ikkje noko hinder for Ina Svenningdal, som har vakse opp på Grorud i Oslo.

Portrett av Ina Svenningdal.

– Eg knota litt i starten, men no har det blitt ein vane. Nynorsk har ein fin klang over seg, seier ho.

Ina Svenningdal lenar seg mot ein vegg i Into the woods-kulissane.

– Teater og film er to ulike format. På scena må kjensler vere større og sterkare, fortel Ina.

Svenningdal vaks opp i eit multikulturelt miljø på Ammerud i Oslo, noko ho er takksam for i dag. Heilt sidan barndommen visste ho at ho ville drive med teater og film. Mora fann annonsar for ting ho kunne vere med på.

Les også: 235 atriumhus på Ammerud gir deg landsbykjensla i byen

– Eg har alltid vore sosial. Då eg var med på Linus i svingen, møtte eg så mange nye folk, det var kjempegøy. Eg fekk lyst til å gjere dette resten av livet, fortel ho.

Seinare fekk ho vere med på musikalar, mellom anna Les Miserables på Lillestrøm kulturhus. Med Skam tok det verkeleg av.

Det var ein rar ting. Skam var eit prøveprosjekt, der NRK skulle forsøke å nå unge gjennom ein nettserie. Men omtrent over natta vart det så stort, seier ho.

Ho trur at den erfaringa gjorde det lettare for henne å halde fram som skodespelar.

– Men samtidig trur eg også at eg hadde klart å kjempe meg ein veg inn i teateret utan. Eg har ønska dette sidan eg var lita.

I 2020 fekk Svenningdal jobb på Det Norske Teatret. Men ho er framleis open og nysgjerrig på nye moglegheiter, fortel ho.

– No er eg glad for å vere på teateret og kjenne på korleis teaterlivet er utan koronarestriksjonar. Men eg har absolutt lyst å filme igjen.

Før ho fekk jobben, gjekk ho tre år på Teaterhøgskolen. Det trur ho var lurt.

– Der lærte eg arbeidsdisiplin. Ein treng ganske mykje tolmod som skodespelar, som i desse dagar, når vi har prøver på dagtid og førestillingar på kvelden. Då blir det nokre lange dagar.

Les også kulturportrettet med Marte Bratberg

I forteljinga ser vi at ein må passe på kva ein ønskjer seg, for viss ein får det, er det kanskje ikkje det ein drøymde om likevel. Ein kan leve lenge i eit eventyr i sitt eige hovud. Men til slutt må ein vekse opp.

Ina Svenningdal om Into the Woods

Ina Svenningdal lenar seg mot ein vegg i Into the woods-kulissane.

Livet som vaksen

Into the Woods har blitt spelt på fleire teaterscener rundt om i verda. Musikalen er også filmatisert.

Svenningdal skildrar Rødhette som ein tøff og lur karakter. Ho er ikkje spesielt redd for ulven, ho synest heller at han er interessant og spennande. Ulven i førestillinga er dessutan ikkje ein ordentleg ulv, men ein mann som tuslar rundt i skogen og er interessert i 14 år gamle Rødhette.

For å vise at Rødhette er uredd, må Svenningdal våge å ta plass på scena.

– Teater og film er to ulike format. På scena må kjensler vere større og sterkare, forklarer 25-åringen.

I botnen handlar førestillinga om Rødhette sin veg til vaksenlivet. Svenningdal trur at både vaksne og eldre barn kan ha glede av å sjå ho.

– I forteljinga ser vi at ein må passe på kva ein ønskjer seg, for viss ein får det, er det kanskje ikkje det ein drøymde om likevel. Ein kan leve lenge i eit eventyr i sitt eige hovud. Men til slutt må ein vekse opp.

Som OBOS-medlem får 20 % rabatt hos Det Norske Teatret

  • Silje Pileberg: Tekst
  • Einar Aslaksen: Foto

Publisert:

Sist endret:

Relaterte artikler

  • Faren var en gledesspreder: – Det ga meg en balanse

    Opplevelser og kultur

    Norunn Ringvoll (23) danser seg gjennom livet. Men uten lærdommen fra faren ville livet i bransjen vært betydelig tyngre, tror hun.

  • Latterlegen

    Opplevelser og kultur

    Som liten syslet han mest med frosker og fasaner. Nå skal lege og komiker Jonas Kinge Bergland spøke med livet, døden og alderdommen.

  • – Eg er van med at min eksistens gjev reaksjonar

    Opplevelser og kultur

    Då det blei kjent at Jae Nyamburah har hovudrolla i «Hedda Gabler» på Det Norske Teatret, fekk ho både takkeord og trugslar.